Akkurat nå

Ein gong for lenge sidan var fotball faktisk litt sjarmerande. Med nokre pints innanbords tusla spelarane tannlause ut på banen i svarte fotballsko med kvite striper. Sjølv om spelarane ofte hadde litt rar utsjånad, kroppsfasong og lite fotballideelle kroppar, la dei ned 100 prosent innsats. Mange var ein direkte trussel mot omgjevnadane. Sjå berre på Nobby Stiles, legenda frå Manchesters raudare del, til dømes. Stakkaren var frykteleg nærsynt, så når kontaktlinsene ramla ut under kampane, kunne han takle aldeles forferdeleg. Og slik skal det vere. Der mange kvidde seg og lét vere å takle i frykt for å få beina kappa i to, stupa Nobby og kompani inn med hovudet fyrst og håpa på det beste.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn