«Stor ståhei for ingenting» er eit nydeleg kammerspel. Men regigrep gjer handlinga verre å forstå.
Trøndelag Teater, Hovudscena
Av William Shakespeare
Omsett av André Bjerke
Regi: Runar Hodne
Scenografi: Serge von Arx
Kostyme: Maria Gyllenhoff
Lysdesign: Andreas Fuchs
Med: Kenneth Homstad, Mari H. Einbu, Hildegunn Eggen, Kai Remlov, Ragne Grande, Isak Holmen Sørensen, Andreas Tønnesland, Ingrid Unnur Giæver, Mira Dyrnes Askelund og Mats Moe.
William Shakespeares komediar var folkelege lystspel, fulle av enkel og lettfatteleg humor, språklege gags, og forviklingar og forvekslingar ut i det absurde. Når Trøndelag Teater i Runar Hodnes regi nå set opp «Stor ståhei for ingenting», er det openbert at det er denne settinga ein vil følgje, og det eine påfunnet meir surrealistisk enn det neste blir presentert, men trass i framifrå spel manglar det heilskap, og det blir diverre i hovudsak nettopp påfunn.