Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sjalusi

  • Trykksverta var ikkje tørr i Ap sitt alternative budsjett i går før Venstre-leiar Trine Skei Grande kasta seg over tastaturet og kvitra: «Arbeiderpartiet vil øke momsen på de dyreste el- bilene – så da veit vi det: Misunnelsen er en større drivkraft enn ønske om en bilpark med nullutslippsbiler.» Førre veke var det Høgre-profil Tom-Christer Nilsen som skulda Ap for å vere misunnelege på norske laksemilliardærar i ein NRK-debatt om lakseskatt (Nilsen fekk kalde føter etter debatten og vedgjekk at han hadde gått for langt).