Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kaotisk: Dei sterke, autentiske dikta til Anna Kristina Knudsen hadde fortent eit betre narrativ.

Sceniske skildringar

TETT PÅ: Anna Kristina Knudsen skriv scenar frå ein oppvekst. FOTO: HEIDI FURRE
Litteratur

Anna Kristina Knudsen

7078 Saupstad

Litteratur

Flamme Forlag 2019, 61 sider

Mykje av den mest interessante lyrikken i dag handlar om å visa fram og forklara alternative måtar å vera på. Kva vil det seia å ikkje vera innvandrar, men barn av nokon som har innvandra? Kva vil det seia å ikkje vera anten homo eller hetero, men nokon som ikkje føler seg omfatta av desse kategoriane? Dette siste, har eg lært, kallar ein oppgjeret med den binære tenkemåten. Ikkje anten–eller, og heller ikkje både–og. Ein opplever rett og slett kategoriane som irrelevante.