Du kan bla til neste sideBla med piltastene

KAVRING

Eg var glad då eg baka kringla. Livet mitt kjendest rikt og eg likte å virke som bakar. Men då eg tok ho ut or omnen var ho hard som kavring. Kari lo og opna ei flaske kava og sa det går bra. Eg var ikkje klar for å vrake kaka. Så eg slo ho sund med ein hammar og åt ho. Eg knuste bitane til smular mellom jekslane før eg svelgde og lét dei gli som grus ned matrøyret og sakte merka eg korleis den brende maten etterlét seg smaken av kol.