Kraftsjokk for Luster kommune
Vasskraftkommunane mislikar framlegget til ny kraftskatt
Dei fryktar staten tek pengane

Den 850 meter lange og opptil 35 meter høge steinsette demninga fyller heile øvste del av Tunsbergdalen i Luster kommune i Sogn. På baksida ligg Tunsbergdalsvatnet. Det grågrøne brevatnet, som rommar 178 millionar kubikkmeter, er i eit energilager. Vatnet her kan hentast ut når det er trong for det, ned gjennom ein fjelltunnel til Leirdøla vasskraftverk som er sprengt inn i fjellet under. Her vert vatnet samla til ein konsentrert vasstråle som med trykket frå 450 meter fallhøgde driv rundt peltonturbinen og produserer kraft tilsvarande halvparten av kraftforbruket i Drammen.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent