Du kan bla til neste sideBla med piltastene

«Tschick» treff også oss som har fått tenåra på trygg avstand.

I ein tjuvlånt Lada

OVERTYDANDE: Karl-Vidar Lende, Charlotte Frogner og Eivin Nilsen Salthe skildrar tenåringane med stor varme. Somme av birollene får ein ferniss av revy, men det gjer ingenting, meiner Frøydis Århus. FOTO: ERIKA HEBBERT

Pubertal danningsreise gjennom Tyskland.

Det Norske Teatret, Oslo

Av Wolfgang Herrndorf

Dramatisert av Robert Koall

Omsetjing: Astrid Sverresdotter Dypvik

Regi: Mina Salehpour

Scenografi og kostyme: Maria Anderski

Komponist: Sandro Tajouri

Dramaturg: Carl Morten Amundsen

Med: Karl-Vidar Lende, Charlotte Frogner og Eivin Nilsen Salthe.

14 år gamle Maik (Karl-Vidar Lende) er den einaste i klassen som ikkje er invitert på fest den dagen skulen sluttar. Tenk deg no at du er i hans skor. Mor di er på avrusing, far din har stukke av med den nye dama si, og du står der åleine, overlaten til deg sjølv med 200 euro i lommepengar og ei hyperrealistisk blyantteikning av Beyoncé som du skulle gi til den finaste jenta i klassen, sett at du var invitert til festen hennar.