Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Sorg: Tiril Broch Aakres bok om sjølvmordet til mora er vanskeleg og viktig.

Dette skjer

Litteratur

Tiril Broch Aakre

Mødre og døtre

Litteratur

Flamme forlag, 176 sider

Første gong eg blar i Tiril Broch Aakres nye roman, finn eg telefonnummer til ei rekkje organisasjonar som arbeider med psykisk helse og sjølvmord bak i boka. Dei mange, ofte døgnopne telefonlinjene stadfestar noko eg allereie veit: Dette skjer, rundt oss, nær oss, kvar veke, kvar dag.