Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Vasstett: Oslo-bandet The Switch i ny tapning byr på færre gitarsoloar og meir eleganse.

Håp og angst

SJU PÅ NYE EVENTYR: Ute med ambisiøs plate. FOTO: JONATHAN VIVAAS KISE
Album

The Switch

Birds of Paradise

Bangles & Brass Records

Vi lever i ei tid der barn har klimaangst og vaksne lid av handlingslammelse. Flyskammen har for lengst tatt sitt grep om det norske folk, og aldri før har den eksistensielle angsten vore meir berettiga. Samstundes leiter vi etter den barnlege naiviteten våre eigne born har mista. Denne kjensla, balansen mellom håp og angst, har The Switch kanalisert til eit åtte spor langt album, nummer fem i rekka. Med færre gitarsoloar og mindre funk, meir utforskande rytmer og ei generell eleganse, har bandet tatt eit vegval djupare inn i den melodiske popen. Med denne nyfikne twisten er ambisjonen å toppe Spellemann-vinnande «The Switch Album» frå 2016, og frå fyrste låt ut, «Eyes Up», blir stemninga satt.