Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Namn

  • I Bergen er det, slik det sikkert er mange andre stader også, ein lang tradisjon for kallenamn. Der eg vaks opp bygde kallenamna på ulike språklege variasjonar av døypenamnet. Kjell vart Kjellien, Per vart Piddien, Per Egil var Pødden, Olav vart Laffen, og Gunnar vart Gunnsken. Med litt engelsk påverknad vart Anders til Andy og Per til Perry. Kallenamna var uskuldige og mest for kjælenamn å rekne.