Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kron og mynt

Akilleshælen

Ein ny gjeldsboom og finansielle korthus. Kva kan gå gale?

ILLUSTRASJON: KNUT LØVÅS, KNUTLVAS@GMAIL.COM

Markeringa av ti år sidan finanskrisa førte til ein ny debatt om kapitalismens framtidsutsikter. Nyleg er denne debatten blitt stimulert av veksande pessimisme i organisasjonar som måler pulsen i verdsøkonomien. IMFs nyaste rapport, med undertittelen «Growth Slowdown, Precarious Recovery», justerer ned vekstprognosane for nesten alle medlemsland. Modellar brukte for rapporten, tyder på at stagnasjonen ikkje kan forklarast med handelskonflikten mellom USA og Kina. Dei to landa vil «lide dei største tapa», men generelt vil konflikten ha liten negativ effekt på tredjeland. IMF har inga forklaring på den lågare veksten. Tvert imot viser dei at den relative prisen på investeringsvarer i forhold til konsumvarer har gått kraftig ned særleg etter 2008 og i dag er nær 40 prosent lågare enn i 1990. Ifølgje deira teori, skulle dette føre til høgare investeringar, høgare arbeidsproduktivitet og større vekst. Men veksten i arbeidsproduktiviteten i OECD-landa var mykje lågare i perioden 2008–17 enn i åra 1998–2007.

Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug, Ebba Boye og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?