Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Er Eva Bull Holte blitt underkjent som målar fordi ho var kvinne?

Modernisten

OPNE LANDSKAP: I Eva Bull Holtes bilde ser ein korleis ho dekonstruerer landskapet til ein reflektert geometrisk essens, skriv Stephen Walton. Her utsnitt frå «Lier I» (1963). FOTO: NASJONALMUSEET, ©EVA BULL HOLTE/BONO

Den som leiter etter grundige framstillingar av verket eller for så vidt også livet til Eva Bull Holte på nettet, leiter til fånyttes. Ingen norske eller utanlandske kunsthistorikarar har sett seg råd til å presentere ho på Wikipedia, der ho elles berre figurerer som kjerringa til mannen sin, og med feil fødselsår. Feilmarginen er 22 år. Store Norske og Norsk kunstnerleksikon klarer derimot å lirke frå seg nokre stutte setningar. Eva Bull Holte er altså ein doldis i kunstverda. Ho har si eiga heimeside, evabullholte.no, men den klarer heller ikkje å formidle dimensjonane over denne enormt interessante kunstmålaren som den nasjonale offentlegheita har klart å fortrengje. Dette har skjedd trass i at ho både vart kjøpt inn av sentrale institusjonar, at utstillingane hennar vart melde, og trass i at ho har eitt eige museum.

Feministane Bodil Stenseth, Wencke Mühleisen, Asta Beate Håland, Stephen Walton, Hanne Linn Skogvang og Muna Jibril skriv i Klassekampen måndagar.