Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Navn80 år

Jon Hellesnes 80 år

Filosofen og forfattaren Jon Hellesnes blir 80 år 16. september. FOTO: TOM HENNING BRATLIE Tom Henning Bratlie/Klassekampen

Den 16. september blir filosofen og forfattaren Jon Hellesnes 80 år. Han vart fødd på Voss, men voks opp på Sandane i Sunnfjord. Vende så tilbake til Voss då han var 14 år, der han gjekk på Voss offentlege landsgymnas.

Oppveksten i Sunnfjord har kvalifisert han til status som «forfattar frå Sogn og Fjordane», ifølgje Sogn og Fjordane fylkesbibliotek. Som filosof kjem han derimot heilt klart frå Voss, der Hans Skjervheim kom frå.

Då Skjervheim døydde i 1999, skreiv Hellesnes boka «Om Hans Skjervheim», som speglar det nære forholdet mellom dei. Her framhevar Hellesnes «dei sosiokulturelle føresetnadene for fornuft». Fornuft er fundert i eit levande og argumenterande fellesskap, der ein korrigerer og utfordrar kvarandre. Fornuft er eit resultat av samvirke, eit sosialt fenomen. Men sidan dette samverkande fellesskapet alltid er noko ein erfarer og utviklar under gitte omstende, vil den fornufta som veks ut av fellesskapet, nødvendigvis også ha ein lokal, tilfeldig dimensjon.

Eit sams særtrekk ved Skjervheim og Hellesnes er bruken av nynorsk som filosofisk nyskapande språkform. Nynorsken som skriftspråk har sitt opphav i det munnlege og lokale, utanfor det statlege byråkratiet og akademia, som først var dansk i Norge. Filosofi på nynorsk får ikkje noko gratis frå stat og akademia. Samanhengen mellom omgrep og ord må tenkast på nytt, sjølvstendig grunnlag. Syntesen av Voss og Sunnfjord er ikkje uvesentleg. Begge er sentrale delar av nynorskland og dermed for moderne filosofi på norsk. Og som folkeleg-filosofisk essayist er Hellesnes noko heilt for seg sjølv med sine innslag av uventa, nyskapande uttrykksmåtar – ein parallell til sunnfjordingar som Nikolai Astrup, Ludvig Eikaas eller Oddvar Torsheim.

Einsidig, akademisk dyrking av filosofien kan lett føre til bortfall av realitetsorientering, til forveksling av filosofi med sosial og politisk røyndom. Det er her forfattaren Hellesnes kjem inn som eit korrektiv, under pseudonymet Alexander N. Wilken, som i romanen «Apokalypse alt nå?» (2016) tar for seg krigstrugsmålet og viser fram forbrytarnettverket Anaconda, som ei spegling av det militærindustrielle kompleks og Nato: Meir opplysande i vår politiske samtid enn mang ein akademisk statsvitskap, for ikkje å nemne den profesjonelle filosofien, som står i fare for å turke inn i korridorane ved dei filosofiske institutta. Då er det berre å vente på neste bok frå Alexander N. Wilken.

Til lukke med dagen!