Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Feirar åremålsdagen som ein viktig intellektuell

Etter at han blei pensjonert frå den akademiske filosofien, har Jon Hellesnes brukt tida godt som offentleg intellektuell. Frå sin lytte- og peilestasjon i Ersfjordbotn på Kvaløya langt mot nord har han skrive kvassare og kvassare om «den ekstreme dobbeltmoralen i den vestlege bruken av folkeretten» og det medfølgande «moralske havariet i den norske politiske eliten».