Dystopisk, men likevel humoristisk om dei store spørsmåla i livet.
Rogaland Teater, Teaterhallen
Av: Mattias Andersson
Omsett av: Arne Lygre
Regi: Mari Vatne Kjeldstadli
Scenografi, kostyme: Sven Haraldsson
Med: Mari Strand Ferstad, Cato Skimten Storengen, Ragnhild Arnestad Mønness, Eili Harboe, Espen Hana, Kasper Skovli Botnen og Svein Solenes
«Det kunne ha vore kven som helst.» Slik trur eg regissør Mari Vatne Kjeldstadli har tenkt når ho set opp «Åpenbaringen» av den svenske dramatikaren Mattias Andersson i Teaterhallen på Rogaland Teater. For ho skil i starten lite mellom scene og sal eller publikum og aktør. Vi sit i eit atrium utan scenografi, i fullt ljos, og skodespelarane går i eitt med publikum. Varsamt let Kjeldstadli dei sju aktørane nøste opp sine historier, der tre av historiene har det sams at ein av personane har fått ei openberring.