Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Eit spørsmål som treng avklåring

No kan òg likekjønna verta ekteskapsvigde i kyrkja, men med ein annan liturgi enn den som vert nytta for det tradisjonelle ekteskapet. Denne skilnaden er det ikkje semje om. Nokre homofile med støttespelarar meiner openbert at det berre skal vera éin, felles liturgi for likekjønna og ulikekjønna par – dette fordi ein meiner den gamle grunngjevinga for ekteskapet er «utgått på dato». Dette kom fram i eit innlegg av Halvor Moxnes i sumar («En kirkelig homorevolusjon»): «I vår tid må ekteskapet bygge på kjærlighetsforholdet mellom to personer med vekt på tillit, troskap og samhold livet ut. Det vil si at kjærligheten mellom to mennesker er viktigere enn kjønnet,» seier Moxnes. Han viser til «en kirkelig utredning» frå 2013, «der det var solid flertall for å si at Bibelen i stor utstrekning bygger på et patriarkalsk syn på ekteskapet som ikke lenger var gyldig» (mi utheving).