Kamp om rett og vrangt
Ap kan få Stavanger-ordføraren etter 24 år
På strikkekafé tel eldreomsorg mest

På eit langbord i kafeen i Madla bydelshus sit eit 15-tals godt vaksne kvinner og strikkar barneklede som vert selde til inntekt for Nasjonalforeningen. Damene i Skipper Worse strikkekafé er opptekne av bompengar, men Folkeaksjonen nei til mer bompenger er ikkje førstevalet, for å seie det forsiktig,
– Røyste bompengepartiet? Nei, veit du kva. Dei har jo ikkje noko program, seier Wenche Høiland Johnsen.
– Du må vere politisk daud for å gjere det, kjem det kontant frå Halldis Bjordal.
På tide med skifte
Dei likar ikkje bompengar, men eldreomsorg tel meir.
– Eg har vore hjarteoperert to gonger. Då måtte eg ha heimesjukepleie. Dei kom to gonger om dagen. Nye folk kvar einaste gong og ofte for seint. Du er sårbar, og eg kvir meg for å hamne i ein slik situasjon på ny, fortel Wenche.
Damene klarer seg framleis utan hjelp i det daglege, men dei fryktar alle ei framtid der dei er avhengig av det offentlege. Eldreomsorga i Stavanger må verte betre, for uroa om det offentlege tilbodet er stor.
– Det er på tide med eit skifte i Stavanger. 24 år er nok, seier Åse Svela Roaldsen.
Førre gang Ap hadde ordføraren i byen, svinga Tore Nordtun klubba. Han og dottera Kari held stand i lag utanfor bydelshuset denne føremiddagen. Det strøymer ikkje akkurat på med folk så Kari Nordtun har god tid til Klassekampen.
– Det står 60 eldre i kø og ventar på sjukeheimsplass i Stavanger. Det er ikkje byen verdig, seier ho.
Ho vil opne ein etasje på sjukeheimen på Lervik og auke bemanninga på sjukeheimane. I opposijon har ho samarbeidd tett med SV, MDG og Raudt. Høgres ordførarkandidat John Peter Hernes meiner Ap har valt seg uheldige samarbeidspartnarar.
– Eg kan ikkje skjøne at Arbeidarpartiet i olje- og gasshovudstaden Stavanger kan samarbeide med tre parti som alle vil leggje ned oljeverksemda snarast råd. Vi snakkar om 45.000 arbeidsplassar i Stavanger-regionen.

Fåkkings
Veka før var Hernes i debatt om kvar Aker Solution skal få byggje nytt hovudkvarter.
– Der kalla Mimir Kristjansson i Raudt verksemda Aker føkkings BP. Trur Kari Nordtun at det hjelper Aker til å velje Stavanger framføre Oslo som hovudkvarter når samarbeidspartnar Raudt nyttar slike ord?
På Madla fnyser Nordtun av dette. Ho meiner både Raudt og SV i Stavanger har eit anna syn på oljeverksemda enn partia har nasjonalt.
– Dei to er gode talspersonar for oljeindustrien. MDG er eit mindre parti i Stavanger. Dei skal få gjennomslag i koalisjonen, men ikkje i oljepolitikken.
Når vi ved lunsjtider møter Mimir Kristjansson og konfronterer han med det Hernes har sagt, vert han synleg irritert.
– Eg har vore ute i media og orsaka meg. Samstundes meiner eg Hernes freistar teikne eit skremebilete det ikkje er grunnlag for. Det er ein talemåte som ikkje tyder noko negativt. I Stavanger kan vi seie at Viking vann tre fåkkings null. Og merke deg det. Eg seier fåkkings ikkje føkkings.
Raudt vil dreie politikken mot venstre. Kampen mot velferdsprofitørar, auka sosiale skilje, barnefattigdom og privatskular.
– Raudt er viljuge til samarbeid, men bompengepartiet er nøkkelen i ordførarvalet, og dei kan velje venstresida.
320 hestar
På Frp-kontoret styrer 2. kandidat i Stavanger Leif Arne Moi Nilsen butikken. Frp vil halde på Høgre-ordføraren og kan glede seg over at det ser ut til at valvinden snur. På målinga til Stavanger Aftenblad fekk partiet 12,3 prosent, fram 1,5 prosentpoeng i høve til kommunevalet sist. Ap og Høgre går kraftig tilbake
– Bompengeforliket har hjelpt oss, konkluderer Nilsen.
No er han glad for å kunne konsentrere seg om andre spørsmål. Vi skal få sitje på med Nilsen til Rennesøy, der NRK har direktesending om kommunevalet i Stavanger. Rennesøy og Finnøy vert ein del av Stavanger etter valet.
Nilsen har 320 hestar under panseret. Det brummar heftig når akselererer.
– Det er ikkje mykje elbil her, slår Nilsen fast med ein latter.
Ikkje for det. Nilsen er ingen vanleg Frp-ar. På veg ut mot Rennesøy peikar og fortel han om garden han har kjempa for å verne for å sikre at vipa og storspoven ikkje skulle verte uroa av turgåarar.
– Vi må verne om matjorda og vere trygge på at vi kan produsere nok mat, slår han fast.
Ventar til etter valet
På Rennesøy er det køyrt fram ein traktor med tre sauer i eit bur på grabben. Dei skal gje lyd og koloritt til direktesendinga, men tause sauar tek ikkje regi.
Rundt mikrofonen har mest alle ordførarkandidatane i Stavanger samla seg i håp om å få sendetid til å spreie bodskapen. Dei fleste er kledde i ikkje spesielt kledelege allvêrsjakker i partifargene.
Kari Nordtun og Frode Myrhol kjem i lag heilt til sist, men Myrhol i bompengepartiet forsikrar at han ikkje har valt side.
Ordførar i Finnøy og førstekandidat for KrF i Stavanger, Henrik Halleland er til stades. I Finnøy samarbeider KrF med Ap.
– Det er opplest og vedteke i Stavanger at KrF skal samarbeide med Høgre, men no skjer det store utskiftingar på toppen i partia. Rennesøy og Finnøy er med, og vi har eigne politiske kulturar så kvifor skulle ikkje vi kunne samarbeide med Arbeidarpartiet?
Om sentrumspartia eller bompengepartiet vel Ap kan Kari Nessa Nordtun ende 24 år med Høgrestyre. Då verte ho den første Ap-ordføraren, sidan far Tore Nordtun gav frå seg ordførarklubba i 1995. Helleland er snøgg med å leggje til at KrF ikkje har bestemt seg. Det har heller ikkje dei andre sentrumspartia.