Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Akkurat nå

Dei seier det aldri skjer ting i den rare vesle vestlandsdalen min. Dei tek feil. Ordføraren har då vore på besøk minst ein gong. Men viktigast av alt: I helga var det biljakt. Ordentleg biljakt med ein stykk desperat ungdom på flukt med tre illsinte politibilar i hælane. Som alltid i Bygde-Noreg blir dei faktiske forhold samansausa med dramatiske verkemiddel. Me kjem nok aldri til å vite kva som faktisk skjedde denne sundagen. Det følgjande er eit forsøk på å sameina skrøner og fakta.