ALARM: Eldreomsorga i Os har eit overskot på 30 til 50 millionar kroner, medan tilsette seier at demensomsorga er i krise. Ordførar Terje Søviknes lovar fleire jobbar.
I Klassekampen i går fortalde Helene Thuen og Irene Vågen, som båe er tilsette på Luranetunet i Os kommune, om eit tilbod for demente som var særs kritikkverdig. Vågen har saman med ein tillitsvald teke dette opp i brev til leiinga.