Eldre døyr aleine på rommet
Frp hevdar eldreomsorga skin i Os
Tilsette slår alarm om ei uforsvarleg teneste for demente pasientar

Eldreomsorga i Os kommune er eit Frp-glansbilete. Nye Luranetunet med Tropehagen er sjølve praktføredømet. Ikkje rart at leiar Siv Jensen la valkampopninga til Os og talte vel om suksesshistoria, men tilsette og tillitsvalde på Luranetunet deler ikkje begeistringa.
– Det vert trekt fram gang på gang kor fantastisk det er på Luranetunet, men vi ser at det ikkje er rett, seier Irene Vågen.
Saman med Helene Thuen, som jobbar på same demensavdeling på Luranetunet, vil ho gje ansikt til den frustrasjonen mange tilsette på eldreinstitusjonen kjenner på når det berre kjem fram skryt av den omsorga pasientar får.
– Eg er også stolt av Tropehagen, men kva hjelper det når våre pasientar knapt kan bruke han fordi vi ikkje har tid til å følgje dei ut der, seier Thuen.
Irene Vågen gjekk nyleg ut på Facebook og lova å røyste på eit parti som ville gje fleire stillingar på Luranetunet. Ho har fått over hundre støttekommentarar, mange av dei frå kollegaer på Luranetunet.
Døyr åleine
Det har murra på avdelingane der demente bur. I eit brev som Vågen sende leiinga på Luranetunet og administrasjonsleiinga i kommunen i januar, fortel ho om:
- Pasientar som døyr åleine utan at tilsette eller pårørande er til stades.
- Vaktar med berre assistentar på jobb.
- Feilmedisinering grunna høgt arbeidspress.
- Pasientar som ikkje får skikkeleg tannstell.
- Pasientar som må vente ein time på frukost etter morgonstellet.
- Middag servert kald fordi det er for mange å mate.
- Reinhald på pasientrom som sviktar så mykje at pårørande vil overta vaskinga.

- Unge lærlingar vert sett til å sjå til døyande pasientar.
– Kva er verst?
– Det er å sjå pasientar som ikkje får det dei treng i kvardagen, seier Vågen.
– Pasientar som døyr åleine. Det kjenner du som ein vond klump i magen, seier Thuen.
Ventar ein time på nat
Om morgonen skal elleve pasientar få stell før frukosten skal på bordet og medisinane skal gjerast klare.
– Det tek tid, for pillar skal knusast til dei som ikkje svelgjer pillene, seier Vågen.
Morgonstellet må ofte gå i ein kave.
– Vi vil gjerne ha betre tid til dette, for den hudkontakten dei får under stellet, er kanskje den einaste dei får i løpet av dagen, seier Thuen.
Tida rundt frukostbordet skal vere ei fin stund, men når pasientar sit åleine og ventar, oppstår uheldige episodar.
– Pasientane kommuniserer med kvarandre, men dei skjøner ikkje kva som vert sagt. Det oppstår mistydingar og aggresjon. Vi veit at det demente hugsar best, er det som set kjenslene i sving. Slik uro rundt frukostbordet kan spreie seg til heile dagen.
Lista over det som ikkje fungerer, er lang og vond. Dei tilsette freistar å gjere så godt dei kan, men tida strekk ikkje til jamvel om dei jobbar det dei kan. Vågen, som er verneombod på avdelinga, seier dette går utover kontakten mellom dei tilsette.
– Vi får ikkje tid nok til rapportar og samtalar med kvarandre og dermed vert ikkje alltid viktig informasjon om den einskilde følgd opp. Då kan ting snøgt utvikle seg til det verre.
Ber om ein til på vakt
Vågen og Thuen har to ønske for at bebuarane skal få ei betre pleie. Ein vakt meir på dagtid måndag til fredag og hjelp under måltida.
– Kva seier leiinga når de fremjar desse krava?
– Vi vert møtt med mistillit og kritikk. Krava vert avviste. Vi får beskjed om at vi ikkje må snakke ned Luranetunet, og at andre har det verre enn oss.
– Det er ikkje berre de som er vanskelege?
– Eg oppfattar at det er ein hersketeknikk. Klagar du, får du inntrykk av at du kan erstattast på sekundet. Seier du noko, får du lite vakter og kan gløyme å få ein høgare stillingsprosent. Det er ein supereffektiv måte å få folk til å halde munn, seier Thuen.
Mange jobbar ufriviljug deltid på institusjonen og må vente i fleire år før dei rykkjer opp i prosent.
Hovudtillitsvald for sjukepleiarane ved Luranetunet, Tone Gry Lyssand, kjenner seg godt igjen i skildringane.
– Det er ti avdelingar på Luranetunet. Dei som slit, er dei seks demensavdelingane. Ei stilling meir på dagtid ville ha vore til god hjelp. Vi har å gjere med bebuarar som er langtkomne demente og som treng omfattande hjelp og pleie.
– Korleis er reaksjonen når de krev fleire stillingar?
– Vi får mellom anna høyre at om Luranetunet ikkje held budsjetta, så vert institusjonen privatisert igjen.
Lyssand meiner det er råd å spare inn både på sjukemeldingar og overtid om det kjem ei ekstra stilling.
Lyssand skryt av arbeidsmiljøet på posten. Det gjer også Thuen og Vågen.
– Hadde ikkje arbeidsmiljøet vore godt, hadde ingen av oss orket å gå i arbeid, seier Vågen medan Thuen nikkar.
FRP-TOPPANE OM LURANETUNET:
«En juvel for våre eldre»
— TERJE SØVIKNES, APPELL PÅ VGS VALGOMAT
«Her stortrives de eldre»
— SYLVI LISTHAUG, FACEBOOK, 4. JULI 2019
«Det er helt fantastisk der»
— ÅSE MICHAELSEN, NETTAVISEN, 3. MARS 2019
«Så populært at Terje har måttet bygge en egen tropehage»
— SIV JENSEN, TALE TIL FRPS LANDSMØTE, 3. MAI 2019
Tek tak i tilhøva
– Det som har kome fram, må vi sjølvsagt ta tak i. Eg ønskjer dialog med leiarar, tillitsvalde og tilsette om dette. Vi er pliktige til å sørgje for god omsorg og er opptekne av at alle skal ha eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier kommunalsjef for helse og omsorg i Os Monica Melvold.
Ho peikar på at ho har tett dialog med einingsleiinga på Luranetunet og seier bemanninga har vorte auka på fleire avdelingar med bakgrunn i at pasientar har vorte sjukare og difor krev meir pleie.
– Vi arbeider med å få på plass reinhaldspersonale, slik at dei tilsette slepp å gjere det arbeidet, og vi skal også overføre reinhald av sengetøy til eige vaskeri.
– Dei tilsette og tillitsvalde seier dei ikkje torer melde frå om negative tilhøve fordi det ikkje skal snakkast negativt om Luranetunet. Kva kan årsaka vere til det?
– Eg hadde eit møte med tillitsvalde og verneomboda i vinter der eg bad dei gå tenesteveg og ikkje hoppe over alle ledd å gå direkte til politikarane. Då var eg også oppteken av omdøme til eldreomsorga for å kunne rekruttera nye tilsette.
– Då vil du helst sleppa kritikk?
– Nei, eg er oppteken av at kritikk skal kome fram, og at det skjer på dei arenaene der vi kan gjere noko med det og finne løysingar saman.
Kommunalsjefen avviser at kritiske tilsette ikkje får auka stillingsprosent. Kommunen har som mål at fleire skal få jobba heiltid, men dette er krevjande å få til på ein heildøgnsinstitusjon.
– Dei tilsette er også urolege over at det på avdelingar i helgene berre kan vere ufaglærte på vakt?
– Turnusen er lagt opp med faglærte på alle vakter, men vi er avhengige av ufaglærte for å få helgevaktene til å gå i hop. Vi treng også ufaglærte til å fylle ledige stillingar, seier Monica Melvold.