Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Samband: Kjartan Fløgstad tek djupe spadetak i historia og finn leidningar som fører inn i samtida.

Fabel om kabel

HISTORISKE TRANSFORMASJONAR: Kjartan Fløgstad demonstrerer at det ikkje finst noko «ferdig fortid». FOTO: JOHN TRYGVE TOLLEFSEN John Trygve Tollefsen
Litteratur

Kjartan Fløgstad

Due og drone

Litteratur

Gyldendal 2019, 496 sider

Kjartan Fløgstads nye roman «Due og drone» kjem ut same år som han fyller 75, etter meir enn femti år som forfattar. I fjor kom Heming Gujords «Fløgstad verk», der særleg romanane blir grundig og perspektivrikt analysert og kommentert, med forgreiningar til det Fløgstad har skrive i andre sjangrar og til stridane han har stått i. Eg les difor «Due og drone» med sterkt medvit om resten av forfattarskapen, og tyngda av den bidreg både positivt og negativt i vurderinga av det nye verket: «Due og drone» buktar seg gjennom same geografiske, historiske og ideologiske landskap som dei seinaste romanane hans, og gevinsten er stor når Fløgstad både vidareutviklar og utvider innsikter frå verk som «Grense Jakobselv» (2009), «Nordaustpassasjen» (2012) og «Magdalenafjorden» (2014). Samstundes finn eg færre litterære nyvinningar i årets roman, og opplever at Fløgstad ikkje er på veg vidare, men snarare djupare ned i sitt eigenrådige historiekritiske prosjekt.