Du kan bla til neste sideBla med piltastene

På festivalen Midgardsblot skapar musikk og norrøn kulturarv fellesskap.

Vikingane si røyst

Då eg skulle skriva ned inntrykk frå årets Midgardsblot i Borre, Vestfold, rann Rudolf Nilsens «Revolusjonens røst» meg i hugen: «Kan hende det gjelder å redde vår jord. De beste blant dere er kalt». Dette er ei dryg og anakronistisk samanstilling, for Nilsens dikt frå mellomkrigstida er flammande ateistisk og revolusjonært bydande. Midgardsblot, derimot, ein festival som kombinerer metal-musikk, folkemusikk og lengt mot vikingar og norrøn fortid, er spirituell, inkluderande og venleg – trass i tøff ikonografi og tøft utsjåande deltakarar. For femte året på rad har ein kombinert ulike musikksjangrar, historieformidling og kulturmøte ved vikinghaugane på Borre. «Velkomen heim», seier Midgardsblot til tilreisande frå heile verda som synast bli magisk trekte til Norge og norrøn kulturarv.

Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriver om religion i Klassekampen hver torsdag.

Git: master, Build env: production, running in production mode, Sanity: production