Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Surrealisme: Susanne Christensens essayistiske forteljing om kunstnaren

Utanfor allfarveg

PÅ REISE: Eit av verka til Leonora Carrington utanfor Carrington-museet i Mexico. FOTO: WIKIMEDIA

«Dette blir underlig, det blir en underlig reise», skriv Susanne Christensen som innleiing til si nye essaybok «Leonoras reise». Det skal eg gje ho rett i, men så er heller ikkje reisefølget av det keisame slaget: Leonora Carrington (1917–2011) var ein surrealistisk kunstnar og forfattar, som etter ein turbulent oppvekst i den britiske overklassen slo seg ned i mellomkrigstidas kunstnarkrinsar i Paris, før verdskrigen dreiv ho over verdshavet til New York. Snart gjekk ferda vidare til Mexico by, der ho budde permanent resten av livet, og foredla eit kunstnarskap der sjølvbiografi og magi gjekk hand i hand gjennom sterke, smått forstyrrande framstillingar av ei kvinnes indre og ytre liv.