EIGARMAKT: Miljøpartiet i Viken vil stogge utbygginga av vindkraftverket i Innvordfjellet. Dei vil nytte eigarmakta i konsesjonsverksemda som fylkeskommunen får etter valet.
Lokalpolitikarar og aksjonistar ønskjer å stogge planane Zephyr har for å byggje eit vindkraftverk i Innvordfjellet i Flatanger kommune i Trøndelag. No får dei hjelp frå Miljøpartiet De Grønne i det nye Viken fylke.