Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Språk og målform

Gunnhild Skjold i Norsk Målungdom skreiv i Klassekampen 18. juli om termen «målform». Ho meiner vi bør slutte å bruke denne termen, fordi, som ho hevdar, han er ein arv m.a. frå samnorskpolitikken. Skjold meiner at bokmål og nynorsk er to skilde språk, og dei bør omtalast som det. Ho skriv at bokmål og dansk er meir like kvarandre enn bokmål og nynorsk, og da må bokmål og nynorsk vera to språk.