Du svarar ikkje på kritikken, Hauglie
I ein kronikk 29. juli kritiserte eg årsrapporten «One Year Closer 2019», som tek føre seg implementeringa av FNs berekraftsmål, for ikkje å rapportere om anstendig arbeidsliv under berekraftsmål 8. Arbeids- og sosialminister Hauglie svara i Klassekampen 9. august at eg driv svartmaling av det norske arbeidslivet. Rapporten skulle blant anna ta føre seg korleis arbeidslivsorganisasjonane og det offentlege følgjer opp berekraftsmåla. Under mål 5, likestilling mellom kjønna, er det skildra kva som er stoda for likestillinga i Norge i dag, frå kjønnsfordeling på Stortinget til vald i nære relasjonar, og kva tiltak som er sette i verk for å sikre meir likestilling.
Det ville vera naturleg å rapportere på same måte under mål 8, Anstendig arbeidsliv og økonomisk vekst; kva er stoda i arbeidslivet i høve til organisasjonsretten, kollektive forhandlingar og HMS, og kva vert gjort for å sikre eit anstendig arbeidsliv. Er det meir svartmaling å skildre røynda under mål 8. enn under mål 5?
I svaret sitt listar Hauglie opp tiltaka som regjeringa set i verk for å sikre arbeidstakarane anstendige vilkår. Det er ei slik liste eg meiner høyrer heime i rapporten. Men før ein kan liste opp tiltaka, må ein skildre kva som er utfordringane.
ITUC ser på Norse-saka som så grov at den vart trekt fram i 2019-rapporten deira. Eigaren av Norse Production slo selskapet konkurs etter ein 35 dagar lang streik og etablerte nytt selskap der dei fagorganiserte arbeidarane ikkje fekk jobb. Forsøk på fagforeiningsknusing er ikkje uvanleg. Diverre er det slik at mange arbeidarar ikkje vågar å ta kampen mot arbeids- gjevaren. Hauglie skriv at eg unnlet å nemne at Norse-saka har vore handsama i rettssystemet, og at arbeidarane vann fram med krava. Poenget mitt er at saka ikkje vart nemnd i regjeringa sin rapport. Rapporten viser heller ikkje til kva fagrørsla gjer for å fremje eit anstendig arbeidsliv. Det same gjeld svaret frå Hauglie. Det var LO-forbundet NNN som på vegne av medlemmane sine gjekk til sak mot arbeidsgjevaren i Norse-saka.