Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det må bli bedre å jobbe i barnehage

I sommar har Klassekampen skreve om rettsaken der ein barnehagetilsett i Oslo kommune, bydel Alna, vann fram med kravet om å få utvida si faste stilling. Då me bydelspolitikarar for ei stund sidan fekk høyra om saken, blei eg overraska og skuffa. Dette framstår som eit forsøk på å bruka vikarbyrå for å unngå at den deltidstilsette skulle opparbeida seg rett til fast, større stilling. Dette er ukultur etter 18 års høgrestyre som heng igjen. Bruken av kommersielle vikarbyrå har vore stor, og alle som har ynskja vikariat har blitt bedne om å gå via desse.