Engasjerande post-brexit-dystopi.
(Storbritannia, 2019)
Serieskapar: Russell T. Davies
Regi: Simon Cellan Jones, Lisa Mulcahy
Med: Emma Thompson, Anne Reid, Rory Kinnear, T’Nia Miller, Russell Tovey, Ruth Madeley, Jessica
Hynes, Lydia West, Maxim Baldry
Lengde: 6 timeslange episodar
Vist på: HBO Nordic
Alle dystopiar er åtvaringar om kor verda vil enda om vi gjer om att dei politiske feila frå i går eller om vi ikkje greier å tøyma dei mest destruktive instinkta våre. Det er som regel ikkje vanskeleg å forstå bodskapen, men han kan likevel vera vanskeleg å ta heilt inn over seg fordi dystopiar som