«Den som ikkje vil snakke om kapitalisme, må teie om fascisme», sa Max Horkeimer (1895–1973) og det er vel både Jon Langdals og mitt utgangspunkt. Men for marxisten Horkheimer, som til liks med så mange andre kritikarar av kapitalisme måtte flykte frå fascismen, gjekk samanhengen mellom kapitalisme og Hitlers fascisme ikkje berre ut på at kapitalkrefter på begge sider av Atlanteren hadde tette økonomiske og stundom politiske band til den fascistiske rørsla og sams interesse av å knuse fagforeiningane. Dei var også opptatt av dei ideologiske verknadene og splittinga som spring ut av den konkurransen mellom arbeidsfolk som fagforeiningane har som oppgåve å erstatte med solidaritet.