Eg har alltid vore glad i og fascinert av krystallar. Som student gjekk eg nesten alltid med bergkrystall om halsen, og eg hugsar godt ein gong krystallen sprakk i to, i samband med ei «spirituell» erfaring. Eit naturleg resultat av sprekkar i mineralet, ein manifestasjon av noko overskridande, eller eit kombinert uttrykk? Sikkert er det i alle fall at krystallar og halvedelsteinar har vore i aktiv bruk innan ein lang rekke religiøse tradisjonar, sjølv om feltet i dag hovudsakleg blir assosiert med nyåndelegheit.
Lars Gule, Eivor Oftestad, Anne Kalvig og Helene Næss skriv om religion i Klassekampen kvar torsdag.