Schibsteds nettmilliard
NOTERT:

For første gong passerte Schibsteds nettverksemder eit driftsresultat før nedskrivingar på éin milliard kroner på eitt enkelt kvartal. Brutto driftsresultat auka til 1060 millionar kroner, frå 895 millionar kroner i andre kvartal 2018, ifølgje resultatrapporten til selskapet. Konsernsjef Kristin Skogen Lund slår fast at selskapet er på rett kurs: «Nyheitsmedia gjorde det godt i ein krevjande marknad gjennom andre kvartal. Nettabonnement heldt fram å vekse, og god kostnadskontroll resulterte i forbetra driftsmargin». ©NPK
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn