Du kan bla til neste sideBla med piltastene

26 alvorleg sjuke i fjor

HELSE: Det flåttborne TBE-viruset, som kan forårsake infeksjon i sentralnervesystemet, gjorde 26 personar alvorleg sjuke i fjor. Det er det høgaste talet på fem år. Alle som har vorte smitta innanlands i Noreg, har vorte smitta i eit område langs kysten frå Sørlandet til Buskerud. Ingen har så langt døydd av TBE-viruset i Noreg. Berre ein halv prosent av flåtten har viruset.©NPK