Du kan bla til neste sideBla med piltastene

En blind feminist

FANST DEI IKKJE? Er det mogleg at Solveig Aareskjolds oppvekst var så blotta for sterke kvinner som ho påstår, spør forfattaren. FOTO: MARIE VON KROGH Marie von Krogh

6. juli las eg med interesse portrettintervjuet med Solveig Aareskjold i Klassekampen. Snart 70 år gamle Aareskjold skyt frå hofta mot arbeid med litteratur. Ho meiner at ein blir livsudugeleg av å arbeide med bøker. I tillegg fortel ho at ho i oppveksten ikkje hadde eitt einaste kvinneforbilde. Berre nokre få, eldre mannfolk kunne ho lære noko av.