SMITTE: Forbundsnestleiar Jarle Wilhelmsen seier arbeidstilhøva i laksebransjen vert pressa av korleis verksemder som Norse har halde på.
Den knusande sigeren i tingretten til dei 45 organiserte tidlegare tilsette ved lakseslakteriet Norse production, gler Jarle Wilhelmsen. Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund støtta dei polske arbeidarane, men ser uheldige smitteeffektar i bransjen.