BEHOV: Ein avtale om ei ny sjukepleiarutdanning mellom Helgelandssjukehuset og den private skulen VID er på trappene. Det blir også jobba for ei alternativ lærarutdanning på Helgeland.
Blekket på papiret var knapt tørka. Det gjekk to dagar frå styret ved Nord universitet gav sjukepleiarutdanninga ved Sandnessjøen på Helgeland dødsstøyten, til at Helgelandssjukehuset varsla at dei er i dialog med den private høgskulen VID om å reetablera ei sjukepleiarutdanning knytt til sjukehuset.