Du kan bla til neste sideBla med piltastene

I seks veker har demonstrantar i Honduras kravd stans av privatisering og eit fattigdomslyft:

Eksplosiv gatestemning

MED EIT SMELL: Lærarar i vidaregåande skule bruka kinaputtar medan dei gjekk i demonstrasjon i Honduras’ hovudstad Tegucigalpa 30. april. Dette er ein av fleire hundre protestar over heile landet sidan 26. april. FOTO: ORLANDO SIERRA, AFP/NTB SCANPIX ORLANDO SIERRA

GIR SEG IKKJE: I Honduras demonstrerer tusenvis på sjette veka. Folkerørsla krev at den USA-støtta presidenten går av.

Sidan 26. april har fleire tusen demonstrantar tråla gatene i Honduras, i håp om å stoppe styresmaktene frå å privatisera helse og utdanning, i tillegg til å krevje at sittande president Juan Orlando Hernández går av.