Frykt og familie
«Big Little Lies» har vorte glatt såpe og Meryl Streep er lut.

(USA, 2017–)
Serieskapar: David E. Kelley etter Liane Moriartys roman.
Regi: Andrea Arnold.
Med: Reese Witherspoon, Nicole Kidman, Shailene Woodley, Zoë Kravitz, Laura Dern, Meryl Streep.
Lengde: 7 episodar à 50 min.
«Det finst ikkje noko meir dødeleg enn sakteveksande frykt», syng Phoebe Killdeer i første episode av «Big Little Lies 2». Det stemningsskapande og psykologiserande musikksporet er enno eit av dei viktigaste elementa i den dvelande serieforteljinga, og denne gongen får låten «Fade Out Lines» setja grunntonen for ein ny sesong om karrieremødrene i Monterey i California. «The Monterey Five» er kallenamnet dei har fått på folkemunne, i det som blir hevda å vera ein særleg skadefro by, der synleg suksess er alle tings målestav.
Meldinga er basert på tre episodar.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent