SKJULT: Arbeidsleiar i Norse Eva Solberg vart stogga av dei streikande på veg til jobb. Dei visste ikkje at ein streikebrytar gøymde seg i baksetet.
Historia kom fram då Eva Solberg som var mellom stiftarane av Sund Laks AS, skulle forklare seg i saka der 45 fagorganiserte tidlegare tilsette i konkursråka Norse krev erstatning for tapt inntekt. Ingen av dei fagorganiserte vart tilsett i det nye selskapet som tok over drifta.