Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Risikerer sjukehusstreik

PENSJON: Fleire sjukehus blir ramma av streik dersom partane ikkje blir samde. Sjukehuset Østfold, Sjukehuset Sørlandet, St. Olavs hospital i Trondheim og Helse Bergen kan bli ramma av streik frå og med i dag. Den vil gå ut over administrasjon, timeoppfølging, reinhald og pasient- og varetransport. Under forhandlingane vart ikkje Spekter og forhandlingssamanslutninga YS Spekter samde om pensjonsavgjerder. YS-forbunda Delta og Parat står saman med Fagforbundet, Fellesorganisasjonen, Creo og El og It Forbundet i LO. YS Spekter krev pensjonsopptening frå første krone for medlemmene sine på sjukehusa, uavhengig av stillingsstorleik. ©NPK