Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Låg oppslutning, høg tillit

I samband med valet til Europaparlamentet 23.-26- mai, hadde Klassekampen ein interessant reportasje med tittelen «Aust føler seg gløymd» same dag valet starta. Her kunne me lesa at oppslutninga om desse vala er særs låg i alle dei europeiske landa, men katastrofalt låg i dei austeuropeiske landa som vart med i EU i 2004. Forskar Eva Sarfi ved Universitetet i Oslo meiner grunnen til dette er at landa i aust ikkje har same demokratiske tradisjonen som landa i vest. Mykje av parti- og veljarforskinga støtter denne forklåringa, sjølv om det òg i desse landa nok er mange som ikkje finn dei sakene Europaparlamentet vedtar interessante nok til at dei bryr seg.