For mange vesttyskere var det en reaksjon på foreldrenes synder og fortielser, fra politidrapet på studenten Benno Ohnesorg under demonstrasjonen mot sjahen av Iran i Vest-Berlin 2. juni 1967 til den nye klassestatens reaksjon på det ennå forestående drapet på den bortførte arbeidsgiverforeningens leder, Hanns-Martin Schleyer, medlem av nazipartiet NSDAP fra 1937. Drapet på Schleyer skjedde under «den tyske høsten» 18. oktober 1977, dagen etter stormingen av det kaprete Lufthansa-flyet «Landshut» i Mogadishu i Somalia.
Har USA fått angst for sin største kreditor?
Ein ny verdsordning
Ein grunn til handelskonflikten mellom USA og Kina er USAs vedvarande og veksande handelsunderskot sidan tidleg i 1970-åra. Dei siste 30 åra i det førre hundreåret var dei største underskota i handelen med Japan. Etter år 2000 har Kina teke over denne rolla. I 2017 var handelsunderskotet med Kina på 375 milliardar dollar, som utgjorde nær halvparten av USAs samla handelsunderskot. Så lenge utlandet sin etterspørsel etter amerikansk gjeld aukar, kan underskota vekse utan problem. Ved utgangen av 2018 var USAs samla utanlandsgjeld 4020 milliardar dollar, som svarte til 20 prosent av BNP. USAs gjeld til Kina utgjer nær 30 prosent av samla utanlandsgjeld. Handelskonflikten kan tolkast som at USA har fått angst for sin største kreditor.
Økonomane Morten Jerven, Erik S. Reinert, Rune Skarstein, Chr. Anton Smedshaug, Ebba Boye og Marie Sneve Martinussen skriv onsdagar i Klassekampen.