Marehalm er eit stikkande strandgras som dukkar opp i Brit Bildøens nynorskpris-vinnande roman «Tre vegar til havet» (2018). Grasstråa blir også kalla sandrøyr, men for den språkmedvitne Bildøen lyser den etymologiske krafta i marehalmen så sterkt at sjølv den enkle romanoverføringa marr (hav, sjø) må vika for folketrumeininga av ordet; eit overnaturleg kvinneleg vesen som plagar sovande ved å setja seg knugande på brysta deira. Ein kveledemon!
Hos Brit Bildøen kan sinnet få form som ei ulande kvinne.