Du kan bla til neste sideBla med piltastene

NOTERT:

Organisk og kortreist

FOTO: JOEL C RYAN, AP/NTB SCANPIX Joel C Ryan

Cannes-festivalen har vore filmindustriens årlege bakkanal. Ikkje no lenger. Finanskrise og digitalisering har gjort eit stort innhogg i partybudsjetta. Saman med metoo og franske antiterrortiltak har dette lagt ein dempar på hedonismen. Men om du lever av publikums gunst og flyktige trendar blant investorar og jetsetarar, veit du å tilpassa deg. Mest «chic» i år er mindre, eksklusive festar med kortreist mat og organisk drikke. Unntaket har sjølvsagt vore den campy lanseringa av Elton John-filmen«Rocketman». Guri Kulås