Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Bompengar

Bom stopp på Jæren

Aksjonar og 50.000 medlemmer på facebookgruppa hjelper ikkje:

SKAMMAS BOM: Aksjonist Isabelle Bygdevoll meiner at plasseringa av ein bomstasjonen utanfor sjukehuset i Stavanger er særs urettvis. Gunnar Wiederstrøm

Plasseringa av ein bomstasjon utanfor sjukehuset var dropa som fekk det heile til å renne over for Isabelle Bygdevoll.

– Dei har plassert stasjonen slik at alle som skal inn på sjukehuset, må betale. Tenk på dei som ligg der lenge. Det er dyrt å kome på besøk for parkeringa på sjukehuset er rådyr, seier Bygdevoll.

Ho er ikkje åleine om å ha reagert. I fjor sommar vart det klart for dei fleste at Nord-Jæren skulle få 38 nye bomstasjonar. Ei passering skulle koste 22 kroner for personbilar, 44 kroner i rushtida. Det kokte over for fleire titusen.

Facebook-gruppa «For vi som er imot bomringen i Sandnes og Stavanger» fekk på få dagar 38.000 aktive medlemmer, no er dei over 50.000. Fleire aksjonar vart sette i verk, og ei meiningsmåling NRK gjorde i august i fjor synte at 70 prosent av dei spurde var negative til bomstasjonane.

Må gå til veg

Bygdevoll er ikkje motstandar av bompengar, men ho er ikkje viljug til å betale for anna enn vegar.

– No går under 30 prosent av pengane som kjem inn til veg, resten til sykkelveg og bussvegar. Nytteprinsippet er vekke. Før var det slik at bompengane gjekk til veg, men det gjeld ikkje no, seier ho.

– Rushtidsavgifta, betre sykkelvegar og betre kollektiv fører til kortare bilkøar. Er ikkje det bra for bilistane?

– Det er rett, men det er dei som ikkje har pengar som må la bilen stå. Dei årlege bomkostnadane kan utgjere ein månadsløn.

Bygdevoll vil halde fram som aktivist. Ho fyller facebook-profilen med kommentarar, oppmodar folk om å delta i aksjonar og stiller på kommunestyremøta i Nord-Jæren når dei handlar om bompengar. To andre aksjonistar har meldt seg til teneste for høvesvis Frp i Sandnes og Folkeaksjonen nei til mer bompenger i Stavanger (FNB), men Bygdevoll vil ikkje det.

BOMPOLITIKAR: Frode Myrhol er ein av tre representantar frå Folkeaksjonen nei til mer bompenger i bystyret i Stavanger. Gunnar Wiederstrøm

– Det skjedde noko med meg sommaren 2018. Eg kom meg opp av godstolen og engasjerte meg, men for meg er det berre ei sak. Eg vil fortelje folk kva partia røystar i bompengesaka, slik at dei kan ta omsyn til det ved kommunevalet, men FNB har eg mykje sympati for. Eg kjem kanskje til å røyste på dei til hausten.

Ein vanleg politikar

Onsdag denne veka var det møte i kommunalstyret for byutvikling i Stavanger.

Frode Myrhol i FNB har vore medlem i styret sidan kommunevalet i 2015. Han kjem hastande ti minutt før møtet startar. Straks kjem Frede Cappelen (Ap) bort og skal diskutere fråsegn til regionalplan for Jæren.

Myrhol er ingen rabulist. Han oppfører seg som ein heilt vanleg politikar. Han er oppteken av langt meir enn bompengar, mellom anna at Stavanger må byggje bustadar der kollektivtilboda er gode, eit viktig poeng i fråsegna kommunen skal levere.

FNB fekk tre mandat

FNB vart etablert vinteren 2014/15 etter dei kraftige protestane mot bypakka for Nord-Jæren då ho vart handsama politisk første gong.

Aksjonane stoppa ikkje bypakka, men Myrhol ville ikkje gje opp. I lag med ein alliert frå aksjonane skaffa dei underskriftene som måtte til og ei liste til kommunevalet same haust. På målingane før valet låg partiet an til eit mandat i Stavanger. Det vart tre.

– Målet var og er å stoppe bypakka for Nord-Jæren. Eit overordna mål er å få slutt på bompengar, seier Myrhol.

Så langt har ikkje det lukkast, men FNB seier dei har fått til nokre endringar. Eit samrøystes vedtak i bystyret om retninga på ein omstridt bomstasjon tek FNB æra for, men førebels er ikkje noko gjort med stasjonen.

Dei har fått fleirtal for ei utgreiing om kva følgjer bomstasjonane har for næringsliv og handel. Dei har også fått til nokre mindre justeringar som gjer at plasseringa av bomstasjonane ikkje får så uheldige verknadar som dei kunne fått. Myrhol peikar på Sandnes, der kommunestyret sa nei til rushtidsavgifta.

– Hadde Stavanger gjort det same, kunne vi ha stoppa den ekstraavgifta, seier han.

Ikkje gjennomtenkt

I Sandnes har ordførar Stanley Wirak (Ap) sett seg på bakbeina. Han signerte bypakka med kommunane på Nord-Jæren, Rogaland fylkeskommune og staten i 2017. No vil han stoppe rushtidsavgifta.

– Dette var ikkje godt nok gjennomtenkt av meg. Eg såg ikkje korleis dette ville slå ut for mange av dei som bur i Sandnes, seier Wirak.

Sandnes kommune er spreitt utover, medan Stavanger er kompakt. Systemet med bomringar rundt Sandnes, Stavanger og næringsområda på Forus gjer at mange i kommunen må gjennom to ringar når dei skal på jobb. Kollektivtilbodet er dessutan vesentleg dårlegare i Sandnes enn Stavanger.

– Mange må betale begge vegar gjennom bomringen. Skal barnefamiliar betale dyrt for at dei som har pengar skal køyre raskare i kø? spør Wirak.

Han har laga eit reknestykke som syner at dei kan droppe heile rushtidsavgifta om elbilane, som i dag køyrer gratis gjennom bomringen, betaler halv takst.

PÅ BAKBEINA: Ordførar Stanley Wirak (Ap) i Sandnes vil stoppe rushtidsavgifta men får ikkje dei andre kommunane med seg. Gunnar Wiederstrøm

– Meirinntektene frå elbilane og auka tilskot frå staten fører til meir inntekt enn rushtidsavgifta, seier Wirak.

– Vi ikkje trafikken auke om de fjernar rushtidsavgifta?

– Trafikktala peikar nedover. Eg trur vi kan oppnå ein nedgang i biltrafikken ved å nytte gulrøter og ikkje pisk.

Wirak vil også kutte i fleire prosjekt. Han er til dømes skeptisk til bussvegane som er Nord-Jærens alternativ til Bergens bybane. Bussvegen er ein tofelts veg for bussar. Dei er plassert mellom bilfelta med breie rabattar. Bussane får prioritet i alle vegkryss.

– Inntektene i bomringen sviktar. Det synes alle utrekningar. Bussvegane vert langt dyrare enn føresett. Innløysing av areal til vegane utgjer 40 prosent av kostnadane.

Høgre står fast

Arbeidarpartiet slit på meiningsmålingane i Sandnes. Dei fekk 36 prosent i kommunevalet sist, men 29 prosent på målinga i februar. I Stavanger, der Høgre og ordførar Christine Sagen Helgø held fast ved bypakka, opplever partiet stor framgang.

– Det er den mest krevjande saka eg har hatt som politikar, fordi motstanden har vore både store og synleg. Vi skal rigge denne regionen for framtida, redusere bilkøyringa og få folk til å gå, sykle og reise meir kollektivt. Eg kjem nett frå Houston i Texas. Der byggjer dei fleire vegar for at bilane skal få meir plass. Slik kan vi ikkje gjere det her.

Helgø seier ho trur Sandnes har snudd fordi motstanden er så stor i kommunen.

– Dei snur berre eit år etter at dei signerte avtalen. Vi er viljuge til å kome dei litt i møte ved å halvere rushtidsavgifta, men førebels vil ikkje Sandnes godta det.

– Kva med å kutte i tiltaka slik Sandnes vil – inntektene er jo lågare enn først rekna med?

– Dei nye bomstasjonane kom i drift i oktober i fjor. Det er rett at inntektene er lågare, men pakka skal gjelde i 15 år. Det er for tidleg å gjere endringar no. Skulle inntektene svikte, kan vi utvide innkrevjinga utover dei 15 åra som ligg i avtalen, seier ho.