Elektroterapi kan helbrede dyp depresjon, men også slette alle minnene fra ditt livs sommer.
De myser med øynene i den sterke sommersola. Kvinner under stråhatter. Menn i dress og slips.
©Information Oversatt av Lars Nygaard
HUMOR
Latter er eit underleg fenomen. Men same kor spontant det er, gjer det oss alltid godt.
I den underhaldande og fabulerande romanen «Fattiga riddare och stora svenskar» av Klas Östergren er det ei scene som står tydeleg fram i minnet. Minne er ein lunefull forteljar, men det gjekk omtrent slik: Ein bilethoggar står i sitt atelier i ein bydel i Stockholm i 1937 og byrjar å le. Låtten hans byggjer seg opp i sinnet, og så i bringa, for til slutt å spruta ut av ansiktet og munnen som lyd. Men det er Östergren og den diktariske skaparkrafta si forteneste at låtten ikkje sluttar der. Denne låtten veks i styrke og omfang og stig opp mot taket, finn eit ope takvindauge og reiser seg deretter som ein enorm universristande urlått over hustak etter hustak, og den famnar inn bytaka og skorsteinane, gateløpa og himmelkvelven i si omveltande smittande rørsle.