I diktsamlinga «URD» skriv Ruth Lillegraven vakkert om lått. Ho skildrar ein liten familie, mor, far og eit tvillingpar. Tvillingane sit i kvar sin tripp-trapp-stol og et. Mora er forteljarrøysta, og medan dei alle fire er der på kjøkkenet kjem Cornelis Vreeswijk sin song «Turistens klaga» på radioen der «det sjungar några ungar på Karl Johan». Så kjem refrenget med ungane som ler, og mora skildrar tvillingane sin reaksjon: «De ser forundra rundt dykk, på leit etter latteren (…) de byrjar også å le, de ler med opne munnar, ler så vi ser / dei skeive små isfjella nede i munnane dykkar, og heile tida slår de nevane i bordflata, slår og slår, ler og ler, dom låter starka / och fina som bara ungar kan, og far dykkar står der bak søyla / og nynnar og det er eit eige lys i andletet hans, eit mildt og / vårleg lys, og så kjenner eg igjen dette søkket, denne vissa/at alt dette skal bli borte, alt dette skal ta slutt».
Lått i litteraturen
De nære ting