Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Forskyving: Brynjulf Jung Tjønn utfordrar det menneskelege på fleire plan.

Norsk bondegotikk

EPISK: Ei makaber historie blir falda ut i «Garden under jorda». Her ser vi måleriet «The Harvest Moon», måla av George Hemming Mason i 1872. ILLUSTRASJON: WIKIMEDIA
Litteratur

Brynjulf Jung Tjønn

Garden under jorda

Litteratur

Cappelen Damm 2019, 88 sider

I utgangspunktet ser Brynjulf Jung Tjønns «Garden under jorda» ut som ei temmeleg tidstypisk diktsamling. Men berre i utgangspunktet. Det går føre seg på ein gard. I den første delen skjer det, i den som fører ordet sin fantasi, to forskyvingar av tilhøvet mellom menneske og dyr. Han ser føre seg at den daude grisungen er naboguten, når han heng skrotten opp i taket og står og slår og slår i han. Og, meir påfallande: Medan han står og gnir salt inn i kjøt på kjøkkenet, innbiller han seg «at det låg eit menneske i baljen / viss eg grov kjøtet ut frå saltet / ville det snart krabbe fram / ei jente eller ein gut». Og han grev så neglene sprekk.