KLAGE: NHO-foreining har klaga Bergen inn til EØS-organet Esa for ulovleg støtte til drift av veglys. Får dei medhald, må tenesta konkurranseutsettast, meiner dei.
Private aktørar vil inn på marknaden for drift av veglys i kommunar. No håpar bransjeorganisasjonen Nelfo (NHO) ei sak i EØS-organet Esa vil bana veg for meir konkurranseutsetting.