Kataryna G. Pedersen skriv 13. april at Russland driv krigshissing i Ukraina og Syria. Ukraina er éi sak, Syria noko heilt anna. I Syria blei Russland invitert av den lovlege regjeringa for å hjelpa dei mot eit utanlandsk støtta opprør. Og kven hadde støtta opprørarane? USA, Tyrkia og andre Nato-land, med Norge på slep, samt dei erkereaksjonære statane på den arabiske halvøya. Kven har brote, og bryt, folkeretten i Syria? USA, Norge med allierte. Kven opptrer i pakt med folkeretten i Syria? Russland. Regimet i Syria er umenneskeleg brutalt, men det gir ikkje USA (eller Norge) rett til å invadera det, og jihadistane me støttar, er ikkje eit hår betre enn det sittande regimet. Men enkelte skribentar er for alt USA er for og mot alt USA er mot. Pedersen er visst ein av dei.