Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Anarki

Det var på det glade syttitalet, den gongen sekterismen bløma på venstresida, og SV framleis var prinsippfast i sin NATO-motstand. 1. mai-førebuingane tok til med at alle partar lata som om dei ville gå i tog saman, mens dei i røynda leita etter eit påskot til forhandlingsbrot, slik at dei kunne ha sitt eige, rettruande tog. Eit år var det til dømes at éin fraksjon ville ha parolen «Noreg ut or Nato», og ein annan ville ha «Nato ut or Noreg». Og Samorg-toget slutta jo opp om Nato, og ville ikkje ha verken den eine eller den andre parolen. Og så toga då tre konkurrerande 1.-maitog rundt i gatene i Bergen. Men eitt år hadde moderpartiet vårt latt vera å bryta med Samorg-toget, og skulle gå saman med høgre-avvikarane i Arbeidarpartiet. Det var uaktuelt for oss i ungdomspartiet. Og like uaktuelt var det å gå med marxist-leninistane i Raud Front-toget.